Eg heiter Stein Ove Vikebø og kjem frå øya Holsnøy i Nordhordland, litt nord for Bergen. Er arbeider som metodeingeniør hjå Rolls-Royce Marine AS sitt støperi på Hordvikneset litt nord for Bergen. Er er utdanna maskiningeniør ved Høgskulen i Bergen der eg gjekk ut våren 2001. Har mange interesser, m.a. mekking, volvo og data. Eg speler også fleire instrument, både gitar og kornett/trompet

Volvofeberen har fått fullt utslag i familien min. Det heile starta med at fetteren min Ole Petter "Turbopetrus" Søderstrøm kjøpte ein '83 240 GL som eg hjelpte han med å få i stand. Etter ei tid kjøpte eg meg ein volvo sjølv, ein '84 240 ombygd til turbo med R-Sport turbosats. Motoren har beteikninga B21AT og er utstyrt med forgasser og turbo, ein TØRST kombinasjon. Denne er no opphogd, men alle dei "feite" delane har havna på delelageret mitt. Du kan lesa meir om denne bilen under "Mine Biler". Lillebroren min Børge vart sjølvsagt også hekta på volvo (han var til og med lærling på lastebilverkstedet til Volvo i Bergen). Han fekk tak i ein '80 240 DL i amerikansk utgave! Bilen vart kjøpt av den første eigaren i Louisiana. 240-er med doble firkanta lykter går det jo 13 av på dusinet, men denne er spesiell, for den har dobble RUNDE lykter. SJELDENT syn i Norge. Denne bilen har eg no overtatt, og skal pusse den opp og sette i 740 turbomotor +++.

urbomotor +++.

L>