Tilbake
Volvo 240 GL

Denne bilen kjøpte eg for 1500kr av ein bekjent som hadde montert 940 turbo motor i den. Han hadde skrudd opp ladetrykket uten tanke for konsekvensane, og ein dag gjekk det som det måtte, under maks akselerasjon og ladetrykk kom det eit voldsom smell fra motoren når ein veivstake gav etter for presset og slo ut eit stor hol i blokka når den knakk. Fyren var lei alt som hadde med Volvo å gjere, selde motor og mange andre deler og kjøpte seg Toyota!!! Når han hadde selt det han kunne, satt han att med eit komplett karosseri, men som mangla alt det som gjer det til ein bil. Alt drivverk var fjerna, inklusiv bakaslingen, og det mangla deler av interiøret. Lakken såg j.. ut, og bilen var full av rot. Når eg fekk vite at han skulle sende restane til opphogging, kunne eg ikkje la det skje, for karosseriet var jo rustfritt!! Enden på visa var at eg fekk kjøpe det for vrakpanten mot at eg fjerna den innen kvelden var omme. Som sagt mangla bakakslingen, så eg måtte finne på noko lurt for å få fjerna karosseriet. Alle bilhengarar i distriktet var utleigd, og eg fekk ikkje tak i lastebil. Enden på visa vart at eg monterte eit tilhengerfeste utan trekk-kule på bilen. Eg hadde bora opp større hol der kula vanlegvis er festa, og på denne måten kunne eg henge bilen bak på ein traktor som ein vanleg tilhenger og slepe den heim med berre framhjula nedpå vegen (det er utruleg lett å handtere ein tilhenger med sving på bakerste aksling når du har co-driver i den). Eg fekk tak i brukt motor, girkasse og bakasling, putta inn diverse deler frå delelageret mitt, og etter 14 dager med polering og lakkarbeid framsto bilen som ei perle. Sidan eg allereie hadde ein kvardagsbil (740'n) såg eg meg nøydd til å selge den, men eg angrer litt på at eg gjorde det, for den var j.. fin.

Karosseri:
1986 240 GL

Motor, drivverk:
B230A
M47

Hjuloppheng:
Standard

Felg/dekk:
Sommardekk:
Felg: Corona 25 eiker
Vinterdekk:
Felg: Platefelg

Interiør:
Standard

Instrumentering:
Original intstrumentering

Ekstrautstyr:
Nei.

Bilstereo:
Blaupunkt hovedenhet
Originale høgtalarar framme, GAS 5 1/2" i hattehylle

Tilbake

l.html" target="Frame25567">Tilbake

L>