Tilbake
Oppussing av Volvo DL USA


Utgangspunktet, ein amerikansk 240 fra 1980. Den ser ikkje så verst ut på biletet, og den er også i god stand, bortsett fra rustne dører og litt rust rundt frontruta, + litt småknask rundt hjulhusa bak.



Karosseriet på veg inn på verkstaden min på heimesveisa jigg.


Karosseriet snudd og akslingar fjerna. Sjekk klaringa til taket, dette kallast iskald berekning! (eller var det griseflaks??)


Undersida av bilen blir sandblåst og lakkert. Sveisejiggen min gjer dette til ein enkel og grei jobb. Det går som ein draum når man kan snu bilen opp på høgkant. Om du tenkjer på å gjera noko tilsvarande sjølv, ikkje prøv å sandblås vekk understellsmassen. Den er seig, og flytter berre litt på seg når du bles på den. Den må først skrapast av, så kan du prøva å sandblåse vekk restane. Eg lakkerer undersida med Arcanol rusthindrande maling før eg rustskydder med Tectyl understellsmasse.


Her må det vissta sveisast litt ja...



Hmm. Skal det skrujernet komme ut der... Er det mogeleg at eg må sveise litt her...??? Dette er heldigvis stort sett dei einaste hola som er på bilen.

Ymse prosjekter har forseinka oppussinga, men no er eg på gang att!!!

Jiggen har blitt oppgradert med eit gir laga av drivplata fra ein B230 med automatkasse, og eit tannhjul frå ein startmotor. Utvekslinga er på ca. 15:1, og gjer det mykje enklare å snu bilen rund. Eg har også invistert i litt "nytt" utstyr, mellom anna eit betre sveiseapparat, og ei spesiell boremaskin for fjerning av punktsveiser.

Denne maskina fjerner punktsveiser kjapt og effektivt, og er eit "must" når ein skal fjerne karosseriplater som f.eks. kanaler og golvplater.

Det var noko rust i golvet under framseta. Eg fjerna deler av golvet og litt av bjelken setet står på.



Desse spesialklemmen er utruleg praktiske når plater skal buttsveisast saman.

Setebjelke sveist saman att.

Rust under den andre setebjelken. Her var det berre overflaterust, og den fjerna eg med sandblåsing.

Når eg først var så godt i gang, fjerna eg dei ytterste delane av golvet for å fjerne rusten mellom innerkanalen og golvplatene.

Eksempel på overflaterust i innerkanal. Rusten vart fjerna med sandblåsing.


Golvplater tilpassa og nesten klare for innsveising.



Sveiser slipt ned.


Golvplater prima med por15 etter sliping og sandblåsing av sveisane.

Den eine sideruta bak bakdørene hadde blitt skifta av ein tidlegare eigar. Det har vore lekasje, og karosseriet hadde rusta på innsida.


Nye plater sveist inn og sveiser delvis slipt.


Deler av jekkfeste, golv og innerkanal fjerna pga. rust.




"Nye" jekkfester, innerkanaler og golvplater frå ein delebil sveist inn.

Delebil ribba for "litt" karosserideler.

Lett å flytte delebilen når du berre letter den litt..... Nåken so sa trillebåre???????

Deler til jekkfester kutta ut fra delebilen.

"Ny" bakplate. Bakplata som står på bilen er rusta i falsen mellom plata og golvet, og den er for dei smale baklyktene brukt på '80 modellen. Best å få inn noko nytt.




Ein del rust i golvet i bagasjerommet + reservehjulsbrønner. "Nye" deler kutta ut frå deleilen, og heile golvet i bagasjerommet vil bli bytta.

Var nokre rusthol i hjørna på frontruta, ser ut til å vere ein vanleg feil på 240....

Sandblåste både innvendig og utvendig, før eg sveiste att hola. Etter sliping og ny sandblåsing vart området prima og lakka. For å kome til fra undersida måtte eg fjerne forsterkningane for dørhengsla i dørstolpen.


Har så smått fått tid til å starte på klargjeringa av det nye golvet som skal inn i bagasjerommet.....

Litt sandblåsing og retting av småbulker frå demonteringa frå delebilen. Måtte få tak i eit brukt golv sidan volvo ikkje leverer denne plata lenger. No venter eg berre på nye forsyningar med por15 frå Frost i England før eg kan gå i gang med sandblåsinga....

Tilbake