Tilbake

Her er ein 242 eg monterte 960 motor i for Olav Alexander Mjelde (DaButcher) fra volvo-power.net

Motor montert i bilen.

Eg lagde nye motorfester som passa opp mot originalfesta både i bilen og på motoren. Breidda på 960 motoren er ganske lik som på B2x/B2xx serien.

For å unngå at motoren skulle vri seg for mykje laga eg eit støttestag mot høgre fjørtårn.

Motoren passer akkurat rundt traversen til framakslingen. Olav hadde allereie bytta til 260 stabilisatorstag for å få klaring til oljefilteret.

Trangt om plassen mellom motoren og torpedoveggen.

Ikkje stort bedre mellom motoren og radiatoren.

Kjølevifta er elektrisk og kjem frå ein toyota???

Mot panseret var det heldigvis god plass. Motoren ligg ganske lavt i motorrommet.

Med litt ombygging kunne girkassen festast på girkassetravers til M47 frå nyare 240.

Mellomakslingen er sett saman av bakdelen frå ein 240 og frontdelen frå ein eller anna 740/940 automat. Fant ein som hadde rett lengde på lageret til Åsane Bilopphugging Volvohuggeren. Girvelgeren er vanleg 240 automat. Staget mellom velgeren og girkassa er korta for å passe.Med litt bøying var det plass...

Sidan girkassen ikkje har speedometeruttak, og styreenheten treng eit styresignal frå speedometeret frå 960'n måtte bakakslingen byttast med ein 1031 med rett utveksling og tonehjul. I same slengen monterte vi ein truetrack LSD. Måtte dreie den ned litt for å få på eit originalt tonehjul.

Kobla opp motoren i eige nett som vart kobla opp mot originalnettet i bilen.

Litt spaghetti ;-) Ein god del kabler å holde orden på, både motor og gir har elektronisk styring. Etter ein del feilsøking som avslørte eit defekt instrumentpanel gjekk bilen utan problem.

Tilbake