Tilbake


Her er ein 780 som eg hjalp til med å montere ny motor i for faren til Olav A. Mjelde (daButcher), som OGSÅ heiter Olav Mjelde!!!!


780'n hadde sjølvsagt den kjipe PRV V6'ern, og toppakningen var sprengt. Ein kan sjå at det ligg rustvatn frå motoren i heile motorrommet (ja, eg veit at motoren ikkje ruster, den er av aluminium...)


Denne motoren måtte sjølvsagt ut. Dersom nokon har bruk for ein ilestein (for uinvidde, ein tung sak som forankrer ein fortøyingsbøye), kan dei ringe Olav... Motorten er ein tung f...en, og noko drit å skru på. Motorfesta var nesten umulige å komer til, men sidan gummien var så gamal, kunne eg slite den ut med min nye ven "elefantjekken" (ein tur innom Verktygsboden i Borås anbefales på det sterkaste når ein er i Sverige. Den kompisen her løfter 1000kg mot Biltema sine 600...


Motoren er ute, og all driten kan spylast ut. Bring out the høytrykkspyler!!!



Vasken avslørte at motorrommet var overraskande rustfritt for å vere ein '88 7xx. Normalt sett ruster desse som fy langs rammevangane og i batteribrønnane. Her var det berre litt overflaterust under batteriet!!!


Olav hadde merka at bilen hang litt på høgre side forran. Det viste seg at at forige eigar hadde lagt på 14" lettmetallsfelger før han solgte bilen. Stygge felgar, men det var ikkje det verste. Bremsekaliperane og skivene på 780 er så store at minimum felgdiameter er 15". Derfor hadde ikkje han fått felgen heilt på plass før han skrudde dei fast. Etter eit par kilometer hadde felgane slipt såpass lenge mot kaliperane at varmgangen fekk ventilane til å smelte, i tillegg til at hjulmutrane vart lause!!! Olav ofra felgane frå 242R6'n, men felgen passa ikkje på høgre side, den tok i fjørbeinet!!! (sjekk cambervinkelen på bildet, ser ut som ein skamsenka BMW...) Selger sa han ikkje visste kvar bulken mellom passasjerdøra og framskjermen kom frå. Kiss my ass!!! Denne bilen har truffe noko hardt med framhjulet, og dersom han ikkje merka at det skjedde må han ha vore dritings.... Fjørbeinet var pisseskeivt, og det var også deformasjon rundt fjørtårnet. Ein kan sjå at innerskjermen buler innover under skjermen, og at det har oppstått ei sprekk i hjulhuset mellom den yttre og indre delen av innerskjermen.

 


Her har vi "godsaken" som skulle inn. Olav & Olav tok turen til Sverige og henta ein "nyoverhalt" B230FT. Når ein såg nærmare på den var det B230FT med B23ET innsprøytningssytem, og det florerte med lause skruer. "Kobbertoppakningen" var ein heilt standard toppakning og måtte skiftast, då selgar hadde hatt av toppen for å sjekke kva deler som var inni motoren... (genial fyr, når du fjerner toppen ser du om motoren har stempler og ventiler. Du kan ikkje sjå kva staker og slik den har, men han var vel svensk...) Kammen var i det minste ein VX3, men alle muttrane som held den fast var lause!!! Etter dette var det berre å sjekke alle skruer og muttre før motoren vart sett inn i 780'n.


Motoren glei rett på plass. Dei originale gummiputane vart erstatta med hydrauliske motorfester frå 940, då dei er sterkare. Girkassen som vart sett i var ein AW71, då Olav sr. er bedageleg anlagt og ikkje gidd å gire. Bilen er vel eigentleg også ein cruise-bil... Mellomakslingen består av bakerste del frå 780'n og fremste del tatt ut på mål frå Volvohuggern's delelager. Mest sansynleg er det ein del frå ein 740 med AW71.

Det elektriske anlegget som fulgte med var bygd opp av sukkerbiter og elektrikkerteip, og mange plassar var ledningane berre tvunne i lag og teipa over. Nettet var i så dårleg forfatning at eg ikkje såg noko annan råd enn å koble motoren frå grunnen av, og lage eit heilt nytt ledningsnett... To "eit par timer"... Når motoren var klar til start ville den sjøvsagt ikkje starte... Feilsøking avslørte tilslutt at det ikkje kom signal til coilen. Fram med scoopet (nei, ikkje eit slik du har på panseret, men eit oscilloscope). Det kom eit ørlite signal (type millivolt) ut frå hjernen, så alt håp var ikkje ute. Tid for å finne fram loddebolten... Litt intern feilsøking i hjernen til motoren avslørte at bana til tenningsutgangen var svidd. Litt lasking med loddetinn, og bilen starta uten problem. Før den stoppa at når den vart varm... Brukte motorer som ikkje har blitt testkjørt før kjøp er kjempegøy... NOT!!!! Meir feilsøking, og feilen vart spora tilbake til ein defekt kjølvevannstemperaturgiver. Som i tillegg var feil type!!! Denne motoren kunne umulig ha gått bra om den i heile tatt gjekk når den vart tatt ut fra den forige bilen... Bytte av sensor, og motoren gjekk som ei kule, heilt til du slapp gassen, då kubba den pga for lav tomgang. Jippi... Skrudde ut justeringsskruen til maks, minimalt utslag. Tid for testkjøring. Tok ein tur inn til bydn (Bergen), og fekk motorstopp midt i ei rundkjøring pga tomgangen. Fekk ikkje start at da startmotoren ikkje ville. Etter ein omgang med klubba ombestemte den seg og starta likevel. Heilt til eg skulle starte på nytt inne i eit parkeringshus. Da virka ingen triks, og det var ingen annan utveg enn å få Olav og Colli til å kome med ein ny startmotor som vart bytta "bondestyle" på golvet i parkeringshuset. Tilbake i garasjen var det på tide å takle tomgangen. Justerte gasspjeldet og spjeldsensoren slik at tomgangsprogrammet slo inn, og måtte no skru tomgangsskruen heil inn.... Case solved. No går omsider motoren som ei klokke. Etter litt vask såg bilen ganske bra ut også.

Tilbake