Tilbake

Etter nesten 840 000km hadde motoren i broder'n sin 940 fått nok. Vart oppringt om mandagsmorgonen med beskjed om at motoren lagde mange rare lyder. 5 minutt seinare var den blitt heilt stille..... På tide å få i 960 motoren som stod i garasjen...

Fredagskvelden same veka lånte broder'n verkstedet til Gaia i Åsane (broder'n arbeider som mekaniker der) Godt og varmt, med grav og "elefantjekk".

Brukte litt tid på å demontere gassanlegget til motoren (tidligere taxi). Kan komme til nytte seinare, eller selgast... Etter litt skruing (meg i motorrommet of broder'n under bilen) var motoren klar til å komme ut (og vi var klare til å ta kvelden).

Broder'n var glad og fornøyd, endelig skulle han få skikkelig motor (eg har nekta å bytte sidan eg ikkje har hatt tid, men no hadde eg ikkje noko valg...)

God plass til sekser....

Nåken er veldig klar for det som skal skje ;-)

Ny motor på vei i.

Endelig på plass. 960 og 940 er veldig like i motorrommet. Litt forskjell på torpedoveggen, men har ingenting å seie for plassering av motoren. Broder'n fekk mesteparten av det mekaniske var på plass utover laurdags ettermiddagen.

Tok ut dashbordet for å få skikkelig tilgang til det elektriske systemet. Kobla motoren i eige nett i tilfelle den skal flyttast seinare (har jo montert den i ein 745 tidlegare...) Kobla alt opp mot det originale inne i bilen.

Alle koblingar vart lodda og forsegla med krympestrømper. Stoler meir på det enn kabelsko...

Kobling av instrumentpanel. Alle givarar til ladelaper, oljetrykk etc. vart kobla på nytt. Kabelskoa er spesial frå volvo.

Ting tar til å komme på plass (og klokka er snart 12 natt til mandag.... Bilen skulle startast :-)

Gasswiren til 960-maskina var sjølvsagt forsvunne på "lageret". Men vi visste råd....

Elektrikertape er godsaker....

Etter litt fikling med kabler som ikkje var kobla til i motorrommet (+ tilløp til panikk når røyk om ut av styreboksen til motoren) fekk vi start. Gjekk berre på 5 sylindre, men no var klokka passert 1 natt til mandag, og vi gadd ikkje. Lukka panseret og kjørte bilen heim... Litt feilsøking neste dag, og vi fant eiring på ein stift på hjernen, og litt rensing løyste problemet (takk til Olav A. Mjelde som lånte oss ein hjerne for feilsøking). Røyken viste seg å kome frå ein svidd induktor (spole) på kretskortet. Gjekk heldigvis til ein utgang som ikkje var så viktig. Har fått tak i "ny" hjerne i tilfelle denne tar kvelden... Ebay ruler... Ny hjerne fra HellaNor koster 14000+mva...

Motoren går no som ei klokke. Og etter at vi bytta tankpumpe (den gamle var for liten, og i tillegg defekt) fekk vi også stoppa ulydane i hovedpumpa.

Tilbake