Tilbake
Volvo DL USA

Dette er det siste tilskotet i volvo-samlinga mi. Bilen er ein 1980 Volvo DL, kjøpt i Louisiana i desember 1979. Kjøparen var ein nordmann, og han tok den med på flyttelasset når han flytta heim til Noreg i 1982. Sidan kjøpte ein lærar på barne/ungdomsskulen der eg gjekk bilen, og han hadde den heilt fram til 2001, når lillebroren min kjøte den. Når han kjøpte seg 745 Turbo i 2002, kunne ikkje eg la ein så sjelden bil i Noreg gå ut av familien, så eg kjøpte den av han (dagens BOMBE!!!). Bilen har ein spesiell front med dobble runde lykter, og dette var siste årsmodell som vart levert med desse, GL utgaven vart levert med dei dobble firkanta lyktene, som ikkje er på langt nær så sjeldne. Bilen er no fullstendig nedstrippa, og eg held på med litt rustsveising og sandblåsing/lakkering før eg skal sende karosseriet til lakkering til våren 2004. Bilen skal få turbomotoren frå 740-en min, M90 girkasse, diffbrems, alt utstyr inkl. AirCondition, JT superflow 3" eksos, justerbare Koni-dempere, IPD stag +++. Eg kan nesten ikkje vente til eg får den på veien!!! Eg skal prøve å følge oppussinga på denne sida, men sidan eg synest det er artigare å skru enn å skrive, så kan eg berre love at oppdateringane kanskje ikkje blir "heilt" regelmessige :-)

 

Tilbake

/a>

L>